Boktips

Mysteriet i Pepperkakebyen

Mysteriet I Pepperkakebyen Marianne Riste
ForfattarIrene Ahnéll
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

Tida fram mot jul er fylt med så mangt, og for nokon er førjulstida mykje mas og kjas. Kva med roe ned og kose deg med ei kalenderbok på 24 kapittel?

Irene Ahnéll har skrive «Mysteriet i Pepperkakebyen» på 24 kapittel, akkurat like mange dagar som det er i advent. 

Her møter du Tusseladden og frøken Pomerans som bor i Pepperkakebyen saman med Mons Mutzepuckel, søstrene Sukkertopp, Mama og Papa Razzi, bibliotekaren Sara Bernard og mange fleire pepperkakemenneske. 

Kvart år bakar Gunnar Bake eit pepperkaketre som blir sett opp på torget til alle si glede. Men i år er det nokon som øydelegg treet! Kven kan ha gjort noko så fælt?? 

Tusseladden og frøken Pomerans tek saka, og i skikkeleg Poirot-stil avslører dei gjerningspepperkakemannen eller -mennene eller -dama eller -damene. Eg avslører ikkje noko, du får lesa og finne det ut sjølv.

Boka er fornøyeleg; ho passar godt som høgtlesingsbok for førskuleungar og oppover, og for vaksne som likar ei god historie. Irene Ahnéll er innom tema som gåvepress, venskap og fordomar på ein fin måte utan at det blir moraliserande.

Martin Norell har gjort ein herleg jobb med illustrasjonane, med humor og detaljar utfyller dei og lev av og til sitt eige liv gjennom historia. Til dømes kan vaksne bruke litt tid på reklameplakatveggen 11. desember. 

Utfordringa med boka er at den er tenkt som ei kalenderbok, og diverre kan det vere vanskeleg å halde seg til å lese berre eitt kapittel om dagen.

Tenk at eg, som prinsippfast ikkje kjøper julebrus eller -marsipan før oppunder jul, skriv boktips om ei julebok i byrjinga av oktober. Men om det blir rift om denne boka på biblioteket, så tenkte eg at du skal få tid til å skaffe deg boka til odel og eige.

God adventstid! (om snaue to månader)

Fleire boktips