Boktips

Munch

Munch Silje Skogheim
ForfattarSteffen Kverneland
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
Kategori Skjønnlitteratur for vaksne

Lyst på ei rå kunstoppleving, le deg skakk OG lære noko samstundes? Då bør du unne deg å lese Steffen Kverneland sin teikna biografi om Edvard Munch.

Det var i den tida eg traska rundt på Munchmuseet på Tøyen, ein usedvanleg triveleg plass, at eg vart introdusert for Edvard Munch sin kunst. Utprega interesse for mannen sjølv hadde eg ikkje, før illustratør Steffen Kverneland i 2013 kom med sin særeigne Munch-biografi.

Kverneland følger Munch frå den gongen arbeida hans vart oppfatta som «en hån mot kunsten» på vegen mot anerkjent målar. Arbeida er sterkt sjølvbiografiske og i boka får vi historia bak fleire kjende måleri. Boka skildrar også vennskapet med August Strindberg og livet til kunstnar- og litteratkretsen i Berlin, der sidene fyllest av ville kunstnarliv med dramatikk, slosskampar, fyll og intense, utsvevande kjærleiksrelasjonar. Og alltid: kjærleiken til kunsten.

Munch hadde ein stor tekstproduksjon og Kverneland nyttar direkte sitat frå dagbøker, notat og brev, og let slik Munch fortelje historia si sjølv, ispedd sitat frå andre samtidige. Samtidig skriv Kverneland seg sjølv inn som forteljar, og avbryt undervegs med kommentarar og observasjonar frå notida, gjerne gjennom fuktige samtaler med kunstnarkollega Lars Fiske.

Framstillingsmåten speglar variasjonen i Munch sin eigen produksjon, og Kverneland nyttar kollasj, måling, teikning og foto, der han på det eine oppslaget på imponerande vis gjer att Munchs eigne maleri og i det neste hiv seg ut i ville karikaturar.

Det er ei sann glede å bli kjent med Munch (som eg no dessverre stadig ser føre meg i Kverneland sin karikerte skikkelse) gjennom ei så godt fortalt og vilt fint teikna historie.

Fleire boktips