Boktips

Mjøsa rundt med mor

ei livsreise
Mjosarundtmedmor
ForfattarBjørn Hatterud
Omtalt avTurid Bjørgo, Etnedal folkebibliotek
KategoriFaglitteratur for vaksne

Det har blitt ein slags profesjon dette å ikkje passe inn

Forfattaren er født med ryggmargsbrokk og klumpfot. I tillegg er han skeiv, noko som også har påverka omverdas oppfatning og behandling av han. At han i dag er kulturskribent, kunstkritikar og musikar låg neppe i korta då han var liten.

Rammeforteljinga er at han og mor hans planlegg og gjennomfører ein biltur rundt Mjøsa. I planleggingsfasen, og i skildringa av stoppestader og landskap undervegs kjem han med anekdotar om oppveksten og livet sitt, og om hendingar og personar knytt til dei ulike stadene.

Boka er ei lun kjærleikserklæring til Mjøsa og bygdene rundt, til foreldra og dei gode opplevingane. Ei løvinne av ei mor og ein nøktern far («Prat er eit praktisk arbeid ein må få unna, og noko ein helst ikkje gjer på telefon») har gjeve han ein god ballast. Men her er også sår kritikk av sosiale forhold, bygdedyr, helsevesen og samfunnets syn på, og behandling av, menneske med funksjonshemming, i nøkternt sarkastisk og sjølvironisk språk.

Forfattaren fortel om kjærasten Peder: «Han syntest til og med at eg var kjekk. Den guten eig ikkje smak!», og om bilen sin: «Praktisk og enkel, ergo det motsette av meg, og samstundes idiotsikker, altså tilpassa meg».

Eg likte boka veldig godt. Den har godt og lettlest språk og er inndelt i korte kapittel. Den fekk meg til å humre, men og til å få medkjensle. Eg lærte ein del om medisinske diagnosar og om mjøsbygdkultur, og om å ikkje la meg stoppe av dei forventningane andre har om kva eg er i stand til å gjera!

Boka er tilgjengeleg på Bookbites!

Fleire boktips