Boktips

Les i sommar!

Sommarlektyre for vaksne
Bokanbefaling
Omtalt avMarit Karlberg
KategoriFaglitteratur for vaksne, Skjønnlitteratur for vaksne

Her er nokre tips til sommarlesing. Du finn desse, og mange fleire gode bøker på ditt lokale bibliotek. Velkomen innom!

IMG 3307
Matsus somre av Mieko Kawakami

"Natsus somre" er ei forteljing full av humor og varme, som kompromissløst utforskar kva det vil seia å leva i ein kvinnekropp i eit mannsdominert samfunn.

IMG 3306
Oskespiralen av Leander Djønne

Ei mørk forteljing frå Hardanger som handlar om to brørs oppgjer med fortida. Romanen er kåra til vinnar av P2-lyttarane sin litteraturpris i 2023.

IMG 3305
Kirurgen av Ida Hegazi Høyer

Med suveren sans for menneskeleg psykologi, og med eit umiskjenneleg blikk for det komiske, tek forfattaren oss med på to vekers utforbakke i Henrik Wolds liv, i det som må kallast ein anleis legeroman.

IMG 3313
Den lille bonden av Roar Vingelsgaard

Vi har mykje å lære av historiene om den lille bonden. Meir enn nokon gong treng vi å høyre på dei som veit kor det gror, og korleis vi kan ta vare på jorda på ein bærekraftig måte.

IMG 3312
Elvekonger av Cat Jarman

Levande fortalt, og med stadig nye oppdagingar, gir Elvekonger oss ei heilt ny forståing av vikingane sitt liv og virke.

IMG 3311
Røde sirener av Victoria Belim

"Røde sirener" er ei memoarbok som kan lesast som ei detektivhistorie. Boka gjev ei unik innsikt i Ukraina si dramatiske historie, og i det kompliserte forholdet til det gamle Sovjetunionen.

IMG 3310
Du er bonde av Kristin Auestad Danielsen

"Du er bonde" er ein frisk fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.

IMG 3309
Morsmelk av Nora Ikstena

"En finstemt mor-datter skildring som berører (...) en av de sjeldne romanene som kan elskes av alle. Absolutt alle." - Expressen, Sverige.

IMG 3308
Mannen fra Tiger bay av Nadifa Mohamed

Basert på ei sann historie om eit av Storbritannias mest rystande justismord, har forfattaren skrive ein knallsterk, gripande og viktig roman.

"Befester Mohameds posisjon som en av sin generasjons litterære stjerner." Ashish Ghadiali, The Guardian.

Fleire boktips