Boktips

Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie.

3 Lausunge. Lappjævel. Ei Kjærleikshistorie
ForfattarNjord V. Svendsen
Omtalt avSolfrid Olmhus, bibliotekar ved Sør-Aurdal folkebibliotek
Kategori Faglitteratur for vaksne

«Ei kjærleikshistorie» seier tittelen, og det er det. Boka opnar med korleis Bruce og Svenne møtast. Bruce har invitert til bursdagsfest saman med ei veninne. Svenne blir invitert av veninna og slik møtast Bruce og Svenne på eit kjøkken i Tromsø i 2004. «Sidan har det vore dei to.»

«Lausungen» Bruce vaks opp i fattige kår på Staten Island i New York. Han blei kalla SPED, «Same pants every day». Han vart mobba, var fattig og hadde ikkje håp om ei akademisk framtid, så han meldte seg til teneste i det amerikanske militæret. Han blei der i seks år, men byrja å studere lingvistikk på universitetet etter det.

«Lappjævelen» Svenne (eller Svenn-Egil) vaks opp i Musken, ei lita bygd ved Hellmofjorden, ei av armane som strekk seg innover frå Tysfjorden. Då han var sju år måtte han flytte til Drag, ei større bygd ved Tysfjorden. Fram til han flytta hadde morsmålet, lulesamisk, vore ein naturleg del av kvardagen, no måtte han lese, prate og lære seg norsk, morsmålet hadde ingen plass på skula.

Gjennom boka får me oppveksthistoriene til Bruce og Svenne, som på fleire måtar er ganske like, sjølv om dei vaks opp på kvar si side av Atlanterhavet. Historia hoppar fram og tilbake i tid og historiene deira veks fram saman med sidetala. Iblanda deira historie lærar me om lulesamisk, læstadianarane og fornorskingsprosessen som øydela mange samiske liv.

Boka er interessant og lettlesen. Eg lærde om mykje meir enn kva eg trudde på førehand. Det er ei kjærleikshistorie mellom ein «lausunge» og ein «lappjævel», men det er òg språk, historie og liv.

Fleire boktips