Boktips

Kvitebjørn

Kvitebjorn
ForfattarMaja Lunde
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Det var ein gong eit eventyr som heitte Kvitebjørn kong Valemon. Og eventyret finst enno! Det blir faktisk laga i ulike versjonar nesten 180 år etter at eventyret kom på trykk for første gong.

Tidlegare har vi sett Kvitebjørn som teater, biletbok og film. Og i fjor kom teikneserien, til mi store glede. Det er Maja Lunde og Hans Jørgen Sandnes som har gjort eventyret om til ein fryd for auge, og samstundes er den gode historia i behald. «For alle eventyrelskarar frå 5 til 100 år!» står det bakpå boka, det kan sikkert utvidast både nedover og oppover, spør du meg.

Maja Lunde har skrive teksten. Ho har gitt karakterane meir djupn enn dei har i det originale eventyret og ho har gjeve dei meir nyanserte og kanskje moderne eigenskapar. Vi møter den viljesterke hovudpersonen, Liv. Ho er undrande og nyfiken på alt i naturen, og ho er modig og omsorgsfull mot alt og alle.

Hans Jørgen Sandnes har vore kreativ leiar for illustrasjonane. Resultatet er ei imponerande, godt illustrert bok som kan lesast som ein teiknefilm. Her blir du dregen vidare i eventyret i ulike tempo alt etter handlinga. Særleg moro er det å sjå Sandnes sin versjon av det meir kjente måleriet av Kvitebjørn måla av Theodor Kittelsen.

Det er vel ingen spoiler at Liv og Valemon får kvarandre til slutt? Men slutten skriven av Lunde er nok ikkje så pudderrosa som ein skulle tru, les boka og finn det ut sjølv!

Fleire boktips