Boktips

Kom, bli med ut

Komblimedut
ForfattarCecilie Skog
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Cecilie Skog vil med denne boka motivere barn og foreldre til å bruke naturen som utgangspunkt for leik og læring.

Enkle tips og aktivitetar me hugsar frå eigen barndom er blanda med Skog sine magiske triks som kan gjera utelivet endå artigare og enklare å gjennomføre. Og ho understrekar at dette ikkje skal vera eit uteleksikon som gjer at du får prestasjonsangst:

«Det er når vi går oss vill at eventyrene blir til. Eg tror ikke man blir lykkeligere av å telle kilometer eller timer. Bare. Vær. Ute.»

«Du trenger ikke få ungene med til Sydpolen eller kokkelere økologiske havregrynspannekaker på spesialbål i pissregn for å være et skikkeleg friluftsmenneske. Naturen skal ikke være en prestasjonsarena

«Tenk på denne boka som en hemmelig venn, som står ved siden av deg, tar deg i hånda og hvisker: Kom, bli med ut, da vel!»

Boka byr på ein lettlesen tekst i godt samspel med illustratøren, Kristina Farstad Bjerkek, og passar for barn ca. 6-12 år, anten dei les åleine eller i lag med foreldre eller besteforeldre.

Me følgjer årstidene og får konkrete tips av alle slag, til dømes om ulike båltypar, korleis du lagar opptenningspatroner, kva for bål som passar til matlaging eller ulike årstider (og når du ikkje skal tenne bål).

Korleis er det lurt å gjera det når du treng å gå på do i skogen? Og kva med dette magiske trikset: Om du et gulrøter, fisk og sunne grønsaker som brokkoli, søtpotet og spinat, vil dei omdannast til A-vitamin i tarmen som gjer at du ser betre i mørket.

Boka byr også på gode og illustrerte bruksrettleiingar for ting du kan laga sjølv med enkle naturmaterial, og dessutan litt større prosjekt som bygging av seljefløyte, flåte, gapahuk og trehytte.

Mat og drikke, i og av naturen, er også med, som oppskrifter på brenneslesuppe og bjørkete.

Innimellom dei praktiske tipsa, er det opplysningar som gjev auka kunnskap og naturglede. I kapittelet om våren finn me ei nydeleg skildring av selja. Om gåsungane som er hannblomar og blir til gule rakler som gjer at selja lyser som ei sol.

Om hoblomane som er grøne og sit på eit heilt anna tre. Og visste du at blomane til seljetreet er blant humla sine favorittar? Eller at «under or er det alltid god jord»?

«Kom, bli med ut!» er eit godt supplement til turbøkene du kan finne på hyllene i biblioteket. Velkomen innom i sommar om du treng litt inspirasjon!

Fleire boktips