Boktips

Kåre og Marimba hjelper til

IMG 2006
ForfattarMarkus Lantto
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Venene tenkjer ikkje at Torsten kan vere nokon annan enn ein mann som har eit sykkelproblem, men barnelesaren vil raskt oppfatte det

Biletkunstnar og forfattar Markus Lantto debuterer som barnebokforfattar med biletboka Kåre og Marimba hjelper til. Med seg på laget har han fått med seg den erfarne illustratøren Camilla Kuhn og saman har dei laga ei bok full av fart, moro og gode intensjonar. I 2022 fekk dei Nynorsk barnelitteraturpris for nettopp denne biletboka. Og det er berre å konstatere først som sist at denne forteljinga er alt anna enn tam.

Å kjede seg kan vere ganske kjedeleg, det veit dei fleste av oss. Likevel er det ofte då dei rare, spanande og morosame ideane dukkar opp. Og det er akkurat det som skjer når venene Kåre og Marimba kjedar seg. Dei bestemmer seg for å hjelpe den fyrste dei møter og det blir tilfeldigvis Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og som ikkje vil ha nokon hjelp. Men det stoppar ikkje Kåre og Marimba som insisterer på å hjelpe til, og det blir starten på ein ellevill dag.

Venene tenkjer ikkje at Torsten kan vere nokon annan enn ein mann som har eit sykkelproblem, men barnelesaren vil raskt oppfatte det og mykje av komikken oppstår difor i møte med karakterane sin naivitet. Kuhn har eit spesielt talent for å la illustrasjonane utvide eller kontrastere det verbalteksten formidlar. Dette finn ein mange eksempel på i boka, der illustrasjonane får utfolde seg i fri dressur. Det skriftspråket ikkje avslører, blir visualisert med assosiasjonsrike spor i bileta. Til dømes ser vi ein fugl med eit smykke i nebbet då Torsten dukkar opp, det ramlar ut pengar av lommene hans og eit dirkesett som reklamerar med å passe for «alle låsar». Sjølv måtte eg flire av Torstein sin ryggsekk merka med «Ole 3A», samtidig som han seier «eg betalar nesten aldri for noko som helst».

Med denne intense og alt anna enn kjedelege boka om å kjede seg, viser Lantto og Kuhn ei framifrå forståing for bildebokmediet. Kåre og Marimba hjelper til er ei sprelsk historie om å ville hjelpe til for kvar ein pris, og som viser barn si ukompliserte oppfatning og tiltru til medmenneske.

Fleire boktips