Hugo Cabret er ein 12 år gamal gut som bur på ein jernbanestasjon i Paris på 1930-talet. Sidan onkelen vart borte har Hugo vore åleine og kvar dag utført onkelen sin jobb: passa på at klokkene på stasjonen går som dei skal. Han stel mat frå kafeane, held klokkene i drift og lever i skjul. Det går bra heilt til ein dag Hugo stel ei trekkoppmus frå ein leikebod og vi blir dregne inn i ei intens historie med ei jente og gudfaren hennar, ei mystisk teikning, ei kjær notisbok, ein mekanisk mann og eit skjult bodskap frå Hugo sin døde far.
Nysgjerrigheita mi blir trigga av avsløringa sist i boka om at gudfaren, Georges, faktisk har levd og er ein kjent person i fransk filmhistorie. Og filmen om Hugo Cabret, laga av Martin Scorsese, må eg få sett.
Kvir du deg også litt for tjukke bøker? Av dei 533 sidene i boka er 320 av dei flotte heilsides illustrasjonar som er med og fortel historia; gjer som meg og ta sjansen likevel! Alle sidene i boka har svarte sidekantar, og teikningane set stemninga med sine uttrykksfulle, mørke blyantstrek.
Å lese boka om Hugo Cabret er som å stupe inn i ein film. Eg vart slukt av boka der teikningar og tekst saman driv historia i ulike tempo på ein imponerande måte. Selznik formidlar magi, mystikk og spenning, og alt i eit nostalgisk stil. Denne ungdomsboka kan lesast av alle!