Boktips

Grisungen med den rette halen

Bokstips Grisungen
ForfattarHilde Myklebust
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

Er du på jakt etter ei god høgtlesingsbok for dei minste barna, vil eg på det varmaste tilrå biletboka, «Grisungen med den rette halen», forfatta av Hilde Myklebust og rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen. Boka er ei fornøyeleg og nydeleg eventyraktig dyreforteljing om å kjenne seg annleis.

I forteljinga møter vi den vesle grisungen som plutseleg oppdagar at han ser litt annleis ut enn dei andre grisane på garden. Hudtona hans er litt annleis og halen er heilt rett utan krøll. Men alle grisar skal vel ha krøll på halen sin, eller? Han prøver alt han kan for å få fram ein krøll, i det minste ein liten boge, men utan hell. I fortviling og lengsel bryt han seg ut av grisebingen for å spørje dei andre dyra på garden til råds. Han går frå den eine til den andre, akkurat som i eventyret om pannekaka. Så møter han den kloke og tøffe Jentungen som sjølv har noko annleis ved seg. Kanskje ho har løysinga?

«Grisungen med den rette halen», gjekk rett i hjartet mitt. Torkildsen sine nydelege og morosame illustrasjonar viser oss korleis grisen gjer alt han kan for å få fram ein krøll på halen sin. Han prøver blant anna å vere sint på halen, skremme fram ein krøll og til og med prøver han med litt smisking, men til inga nytte. Forfattaren klarer på ein veldig morosam og levande måte å fange karakteren til dyra gjennom måten dei snakkar på, slik at eg lett kan høyre stemmene deira for meg når eg les boka.

Dette er ei herleg bok om å godta seg sjølv som ein er, utan å samanlikne seg med andre. «Grisungen med den rette halen» er ein hyllest til dei mange små heltane der ute, som må leve med og godta å kjenne seg litt annleis. Mangel på halekrøll eller kva det enn måtte vere: Vi treng ikkje alle vere like, vel?

Fleire boktips