Boktips

Graverens datter

Mariannegraverensdatter
ForfattarJoyce Carol Oates
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Når eg reiser på ferie tek eg alltid med ei bok; sjølv om eg ikkje alltid les ho. Eg har eitt ufråvikeleg krav: det skal vere ei pocketbok. Utover det kan det vere krim, romantikk, bygderoman, fantasy eller kva som helst. No i vår stoppa leitinga ved Graverens datter av Joyce Carol Oates. For mange år sidan las eg ei bok skrive av ho. Eg hugsar ikkje tittel eller kva den boka handla om, berre at eg likte ho veldig godt.

Graverens datter er ein oppvekstroman frå USA. Vi følgjer Rebecca frå ho vart fødd på ein passasjerbåt i New York på slutten av 1930-talet og mange år framover. Rebecca har ein røff start på livet. Ho er gåtefull, utilpass og er stadig på flukt frå noko eller nokon. Eg vil ikkje røpe meir av handlinga, men historia er spekka med oppturar og nedturar, og hennar imponerande mot. Det er eit godt driv i historia, og Oates skriv lett og fengslande. Oates tek lesaren tett innpå fattigdom og fordommar. Lysta til å finne ut korleis det går med Rebecca heldt tak i meg heile tida.

Om du er av typen som let deg skremme av tjukke bøker: gje denne boka ein sjanse likevel! Eg les sakte; såpass sakte at eg kan miste tolmodet med meg sjølv, men for ei vekes ferie vart dei dryge 600 sidene faktisk litt i minste laget.

Oates innfridde denne gongen også; både hjå meg og fleire andre lesarar i Vang. Og eg har allereie peila meg ut neste bok frå denne anerkjente, amerikanske forfattaren!

Fleire boktips