Boktips

Familien Brattbakk

Familienbrattbakk
ForfattarJulia Kahrs
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Her har du ei bok som fenger! Eg var så heldig og las den høgt i fleire omgangar for ei klasse i haust, og meir enn ein gong spurte dei om eg ikkje berre kunne lese liiitt til.

Det, saman med at boka vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2022, bør jo vere grunn nok til å lese den, eller?

Forteljarstemma er Sam si, ho er 11 år og har to eldre brør og ei mor. Vi blir med i historia frå då Sam atter ein gong er blitt kasta i elva av medelevar og ho blir redda i land av mora og brørne.

No meiner mora at grensa nådd, og ho bestemmer at dei skal flytte. Av alle stader skal dei flytte til Gørja, ein liten plass der merkeleg stormar herjar og ungar blir borte. Har mora ein plan med denne flyttinga, ein plan ho ikkje vil dele med ungane?

Det er så mykje rart og mystisk som skjer, at det er vanskeleg å fortelje noko utan å øydeleggje overraskingane for dei som vil lese boka. Men eg kan røpe at mora er verkeleg noko utanom det vanlege.

Ho har fått det for seg at sniglar er det beste og mest næringsrike barn kan ete. Også vil ho at Sam skal leggje på seg og bli stor og sterk, og no tek det heilt av.

Familien Brattbakk kan handle om så mangt, utan at det blir noko moraliserande eller overskygger den herleg sprøe, og til dels ekle, historia. Til dømes er det å høyre til, venskap, hemmeleghald, vere annleis, utanforskap og kosthald omtala.

Som del av Valdres litteraturfest i haust var Julia Kahrs på ein suksessfull turne ved skulane i Valdres der elevar frå mellomtrinna bokbada ho etter å ha lese boka hennar.

Les boka og få ei ellevill historie som tek uventa vendingar i eitt sett.

Fleire boktips