Boktips

Ein lykkeleg slutt

Ein Lykkeleg Slutt
ForfattarMaren Uthaug
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

I denne mørke boka møter me ein slektshistorie noko utanom det vanlege.

Det startar med danske Christian 1 som endar opp på ei øy i Stillehavet der han giftar seg med ei innfødt. På øya kan det berre fødast ungar når det døyr eit anna menneske. Borna som blir fødd utan løyve må drepast og gravleggjast og dette tar Christian 1 og kona på seg. Då paret får eit born utan løyve reiser sonen, Christian 2, ut i verda så systera får leve. Han reiser til farens røter i Europa og København. Der startar han det som etterkvart blir familiens begravelsesbyrå.

I boka får me historia fortalt av Nicolas, som er nest siste ledd i slekta. Kapitla vekslar mellom slektshistoria og notida, der me følgjer Nicolas og hans familie. Me møter alle Christianane med familie. Det er berre Nicolas som har fått eit anna namn, fordi mora ville prøve å bryte slektsforbanninga. Alle Christianane har noko å slite med, men Nicolas slepp ikkje undå sjølv om han fekk eit anna namn.

Det er ein mørk historie, med innslag av barnedrap, nekrofili og epidemiar. Boka er interessant å lese, både med tanke på det historiske, men óg det at ein møter fleire skjebner som ein mest sannsynleg (og heldigvis?) ikkje vil møte elles. Skrivestilen til Uthaug er drivande god og ein blir dradd inn i historia.

Samlaget har gjeve ut fleire av bøkene til Uthaug, både Der det fins fuglar og Sånn blei det som óg kan anbefalast.

Fleire boktips