Vestre Slidre folkebibliotek

Biblioteket Slidreøya

Vestoppland Fengsel, avd. Valdres ligg på Slidreøya ved Einangsundet i Slidrefjorden. Her er det open soning, med plass for 25 innsette. Våren 2009 vart Biblioteket Slidreøya opna, som ein filial under Vestre Slidre folkebibliotek.

Biblioteket på Slidreøya skal vera "det normale rommet i fengselet". Her får dei innsettte tilgang til bøker, tidsskrift, musikk og dvd-film på lik linje med det som finst i folkebiblioteka "utanfor murane". Biblioteket arrangerar elles konsertar, forfattarbesøk og eit årleg rakafisklag.