Boktips

Hvis jeg skulle bli borte en gang

hvis_jeg_skulle_bli_borte.jpg
ForfattarÅsne Maria Gundersen
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

I boka av Åsne Maria Gundersen (2021), møter vi ei ung namnlaus kvinne som er i ferd med å stifte sin eigen familie, samtidig som ho må ta vare på si kronisk sjuke mor.

Når mor hennar skal over i omsorgsbustad etter å ha fått eit slag, blir det opp til dottera å rydde i leilegheita som skal seljast. Det er ho som besøker mor si, snakkar med helsepersonell og tek seg av alt det praktiske.

Det er eit stramt persongalleri i denne romanen, der romanen i hovudsak dreier seg om forholdet mellom mor og dotter. Historia byrjar idet mor hennar ligg for døden. Så lenge dottera kan hugse, har mora vore kronisk sjuk, og forholdet mellom dei har vore styrt av hennar smerter og avgrensingar, men kva no?

Det er noko uklart i romanen, både for lesaren og dottera, kva det er som eigentleg feilar mora, kva som gjer ho sjuk og kvifor ho aldri blei frisk? Blant anna slår det meg kor lite kjensler ho har for mor si, eller kanskje heller kor djupt begravd kjenslene for mora sit i henne. Noko som illustrerer dette er når ho står inne i leilegheita til mor si og ser alle dei visne plantene og innser at det vil gjere vondt verre å vatne dei: «Jeg føler meg skyldig for de plantene og for mamma, hun er som en potteplante jeg har fått, men egentlig ikke vil ha. Innerst inne har jeg begynt å håpe at hun snart vil visne…».

Dette er ei varm og sår historie om å miste nokon før du eigentleg har mista dei, om korleis familierollene blir bytta om på, og eit sakn etter noko som aldri var. Boka klarer på meisterleg vis å fange lesaren gjennom eit trist og viktig tema.

Fleire boktips