BOKOMTALE

Biografi i teikna format (for vaksne)

 
Forfatter/utgiver: Kristian Krohg-Sørensen
Omtalt av: Marianne Riste

Er du interessert i historiske og biografiske bøker? Les bøkene om Gulosten!

Kristian Krohg-Sørensen debuterte i 2015 med den dokumentariske og historiske teikneserieromanen Gulosten: liv i helvete. Boka hausta lovord frå alle kantar, med det rette!

Hovudpersonen i trilogien blir introdusert slik: Johannes Siegfred «Gulosten» Andersen. Født på Grünerløkka i 1898, Bastøygutt, sjømann, murerlærling, spritsmugler, kjeltring, gentlemansforbryter, fengselsfugl, motstandsmann, marinegast, drapsmann og møbelsnekker. Død i Horten 1970.

I fyrste bok føljer vi Gulosten frå 1914 då han slepp utifrå det berykta Bastø Skolehjem, der han har vore i fire år. Etter nokre månader til sjøs er han attende i Kristiania og allereie som 18-åring er han lovlydig med kone, son og to rom og kjøken. Åra 1915–1920 oppsummerast på meisterleg vis med kvar si heilside. På få teikningar blir spritforbod, klasseskilje og vanskelege tider skildra. Siste kapittel i boka går føre seg i 1921, det er storstreik i Oslo, og Gulosten blir introdusert for spritsmugling.

I fjor kom bok 2 Gulosten: Gentlemansforbryteren, som omhandlar spritsmugling i 1923. Spritforbodet i Noreg har vart i fire år og det er gode pengar i lyssky verksemd. Gulosten har skaffa seg spritmonopol i hovudstaden. Det er ikkje ein dans på roser; livet no er ei blanding av hardt arbeid, svikefulle vener, fest og moro, og flukt frå politi- og tollmyndigheiter.

Krohg-Sørensen har sans for historiske detaljar. Bakarst i bøkene finn du, saman med kjeldelista, utfyllande detaljar om hendingar og personar. Teikningane i svart-kvitt er stilsikre og fulle av detaljar. Den karikerte streken kler forteljinga godt. Dette er ei spanande historie, at ho er sann gjer det enno meir interessant, i alle fall for meg.

Anbefalt av Marianne Riste, biblioteksjef ved Vang folkebibliotek

Les flere bokomtaler