Johanne Kolstad

Johanne Kolstad

Dette var Johanne Kolstad 

2013 er markeringsår for viktige milepelar i norsk kvinnehistorie, ikkje minst innføringa av allmenn stemmerett for kvinner. Utstillinga om Johanne Kolstad dreier seg ikkje om stemmerett og politisk engasjement, men om kvinners rett til å delta i idrettslivet, på same vilkår som menn. Slik er utstillinga eit friskt pust i debatten om kvinna sin plass i det offentlege og sivile samfunnet.

 

Utstillinga «Johanne Kolstad – Queen of Skis» tek for seg historia om skihopparen Johanne Kolstad (1913–1997), ei ukjend og gløymd idrettskvinne. Utstillinga skildrar brotne barrierar og sportslege høgdepunkt, men også personlege vanskar i møte med eit bygdesamfunn i etterkrigsåra.

Johanne Kolstad synte tidleg talent for skihopping, og fekk på byrjinga av 30-talet invitasjon frå fleire norske skiklubbar i USA. Under eit renn i Berlin-bakken i New Hampshire hoppa ho 72 meter. Dette vart godkjent som den fyrste offisielle verdsrekorden for kvinner, ein rekord ho held til langt inn på 70-talet. I Amerika vart ho titulert som «The Queen of Skis». Johanne Kolstad fekk stjernestatus og var ein av dei fyrste store norske idrettskjendisane i utlandet.

Johanne Kolstad var del av ei idrettsverd full av kjønnsdiskriminering. Hoppsport var idrett for menn. Kvinnene kunne halde seg til slalåm og skigåing, vart det sagt. Å utfordre verdseliten i hopp var uhørt, meinte mange. For Johanne var skihopping ein lidenskap. Ho trossa fordommane og nedarva kjønnsroller.


Då Johanne la hoppskia på hylla, var ho også gløymd. Blitslampene var sløkte. Fattigjenta frå Nordre Land var ikkje lenger «The flying Norsewoman», sensasjonen i avisene. Johanne Kolstad døydde på Vangsheimen i Vang i Valdres 5. september 1997.

 

Utstillinga heng fram til 1.mars