Valdres litteraturfest

Valdres litteraturfest

 

Det er god tradisjon for samarbeid mellom biblioteka i Valdres, og no tek vi samarbeidet eit steg vidare med å skipe til Valdres litteraturfest! Vi vil setje litteraturen i sentrum over heile Valdres med ein litteraturfest som går over tre veker. Startskotet er veka i førekant av Fagernes byfest, altså 28. august, og festen varer til 17. september.

På grunn av koronaepidemien får vi diverre ikkje gjennomført det vi kunne tenkt oss aller mest; eit stort fellesarrangement som avslutning på litteraturfesten. Med intensjonar om ein årleg litteraturfest blir det høve til ei slik avslutning seinare. Uansett kan de sjå fram til arrangement på alle biblioteka!

Det er mykje spanande og interessant på programmet. Av høgdepunkt kan vi nemne at vi får besøk av Thorvald Steen (hytte-valdris), som skal prate om det å vere annleis og litt om Valdreshistorie. Sigmund Løvåsen skal prate om Kjell Aukrust-biografien han gav ut i fjor og politimannen Erling Gangsøy Greftegreff, som har tre krimbøker på samvitet, skal samtale med Valdresbibliotekar Marianne Kolstad. "Ann Turi-Ford trio” kjem med ein konsert som handlar om omstreifar og tukthusfange Samuel Hellen. I tillegg blir det ulike lunsjarrangement samt arrangement for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Av høgdepunkt her kan vi nemne at Audhild Solberg, som blant anna har skreve dei populære ungdomsbøkene om Superbitchene, kjem til Valdres for å fortelje om den spanande og groteske grøssaren Harpa.

Detaljert program blir offentleggjort når det er klart. Hald kalenderen open for kulturelt påfyll!