Bokbingo i Vang

Bokbingo i Vang

 

Treng du ein dytt til å lese noko anna enn det du les til vanleg? Har du lyst til å utvide bokhorisonten, men veit ikkje heilt korleis?

Vi inviterer, eller utfordrar om du vil, til bokbingo i februar, mars og april 
Les bøker som passar inn i boksane og få "fem på rad". Du vel sjølv om du vil bruke fysisk bok, ebok eller lydbok.

Les slik at du får ein eller fleire "fem på rad". Du kan telle vassrett, lodrett eller diaognalt, men hugs at ei bok kan berre stå i ein av boksane. Er du storlesar og tek alle 25, kanskje?

Skjemaet får du på biblioteket eller du kan skrive ut bilete under. Fyll inn bøkene du har lese og namnet ditt og lever bokbingoarket til oss seinast 5. mai. Då er du med i trekninga av fine premiar

God lesing!

 

Bokbingo Vinter 2021