Haustutstilling 2021

Haustutstilling 2021

 

Haustutstilling i Vang 2021

 

"De som ikke fikk navn"

 

Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen til ei innhaldsrik opning laurdag 30. oktober klokka 13.00.

 

Erling Sand (f.1975) er glad for å få moglegheit til å komme attende til Vang og vere haustutstillar. Han har gode minne frå han stilte ut på sommarutstillinga i 2019. Fleire av fotografia er i år teke i Valdres.

Erling Sand har jobba som møbelsnekker i mange år, og har i tillegg samarbeida med mange ulike kunstnarar, både som assistent og som formgjevar. Han har blant anna jobba med Skultpturbiennalen i Havanna 2019, og vore fotoassistent i samband med ei større fotoutstilling som vart vist i mange land, både i og utanfor Europa. Tidlegare har han også jobba med utstillingar på Vigelandsmuseet, Henie Onstad Kunstsenter og Høstutstillingen i Oslo. Sidan forrige utstilling i Vang har han laga to musikkvideoar, og vore produksjonsassistent i ein spelefim.

Sand har teke bilete sidan han var 12 år, men det er først dei siste ti åra kor det digitale verktøyet har gjort det mogleg å jobbe med bileta på ein måte som har gjett nye moglegheiter innan faget. Drivkrafta er å leite seg fram til eit uttrykk som går ut over biletet då det vart teke. Ofte dreier det seg om mennesketomme område, gjerne på kveld og natt, og stader som er aude. Bileta får ofte eit målerisk uttrykk. «Jeg ønsker å dokumentere fraværet av liv på en stille måte, og dermed indirekte få frem et glimt av historien som ligger der. Tittelen på utstillingen henspiller på dette», seier Sand.

På opninga vil vi også få høyre didjeridoo av Zotora (Per Nygård), ein særs erfaren didjeridoospelar. Han blant anna har halde mange konsertar i mausoleet til Emanuel Vigeland i Oslo.

Enkel servering.  

Utstillinga vert ståande til midten av januar.