Filmoteket – Den nye måten å låne film frå biblioteket 🎬

Filmoteket – Den nye måten å låne film frå biblioteket 🎬

Lånarar som er tilknytt Vang folkebibliotek og Nord Aurdal folkebibliotek kan no enkelt låne film på filmoteket.no heilt gratis. 💛

KORLEIS FÅR EG TILGANG?
1. Vel Vang eller Nord Aurdal som ditt heimebibliotek og opprett profil på https://filmoteket.no/Account/Register med
- e-post adresse og passord
- lånekortnummeret og pinkoden frå det nasjonale lånekortet ditt
2. Svar på e-posten du får tilsendt for å bekrefte kontoen din
3. Logg deg inn med e-post adresse og passord
4. Klikk deg gjennom eit stort utval film for barn og vaksne sortert etter sjanger
5. Vel filmen du vil sjå og bekreft lånet med pinkoden som er knytt til ditt lånekort
6. Kos deg! 🤩

KOR MANGE FILMAR KAN EG LÅNE?
Våre lånarar kan låne 10 filmar kvar månad.

KOR LENGE VARER LÅNET?
Etter du har valt filmen du ynskjer å låne kan du sjå filmen så mange goner du vil i løpet av 48 timar.

KOR KAN EG SJÅ FILMANE?
Filmane du har lånt kan berre visast i Norge. Du må altså ha norsk IP-adresse.