Niste med noko attåt

Niste med noko attåt

 

Måndagslunsj i Vang

Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek startar opp ein ny fast møteplass, nemleg ‘Niste med noko attåt’. Kvar måndag frå 11.30 til 12.30 er folk velkomne til å spise nista si saman på biblioteket – og det er sjølvsagt lov å kome utan niste óg.

- Vi serverer kaffi og te, og små kulturelle innslag, seier dagleg leiar i frivilligsentralen Marte Tangen. - Dette er meint som ein uformell møteplass som er ope for alle, og vi håper å få besøk både av folk som er heime og ønskjer sosial kontakt, og folk som er på jobb på andre arbeidsplassar.

Det å møtest og prate saman står i fokus, men kvar veke vil det også vere små kulturelle innslag. Det kan vere litt høgtlesing, litt musikk, nokon som fortel om eit aktuelt emne osv. – Kanskje kan dei kulturelle innslaga føre samtalen inn på nye vegar? undrar biblioteksjef Åsta Brenna.

Alle må følgje gjeldande smittevernreglar, og halde avstand, ha god handhygiene, og ikkje møte om dei har luftvegssymptom. Frivilligsentralen fører deltakarlister for eventuell smittesporing. – Vi har plass til å spreie oss rundt i lokalet på fleire langbord om dette skulle bli populært, så enn så lenge treng du ikkje melde deg på, det er berre å møte opp! seier Marte.