Sommarutstilling

Sommarutstilling

 

SOMMARUTSTILLING

 

«DRAUMEBILETE FRÅ VANG»

 

Denne sommaren kan du få eit gjensyn med fotografiane til Ole Marius Jørgensen. Desse blei stilt ut i Valdres i 2013, men no er det fyrste gong dei visast her på biblioteket.

Bileta har eit leikent uttrykk. Dei har fjella i Vang som ramme, og Tyinvatnet fungerer slik som ei enorm scene der Jørgensen har kunne iscenesetje ideane sine. Folk frå Vang var «statistar», og både rokk og gamle stolar blei dregne ut i vinterkulda.

Utstillinga heng til 31. august, og kan besøkast i biblioteket si opningstid.