Vårprogram 2020

Vårprogram 2020

 

Vårens program i samarbeid med Vang frivilligsentral byr på musikk, litterære arrangement, gode møteplassar og opplevingar. I tillegg har Vang frivilligsentral i 2020 med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB fokus på mestring og læring.

 

Du kan laste ned heile programmet her: https://vang.frivilligsentral.no/irisfile/187564/

 

Vi startar allereie 29.1. med eit foredrag med forfattar og mataktivist Thomas Horne, kor vi skal lære kunsten å ikkje kaste mat. Seinare skal vi lære om skredfarevurdering av Leif Øyvind Solemsli, om gode presentasjonsteknikkar av skodespelar Nina Schjeide, og om redesign av Veronika Glitsch. Sistnemnte på ein stor reparasjonsverkstad der folk skal få hjelp til å fixe både tekstilar, tururtstyr og ei rekke andre ting.

 

Det blir mykje musikk i februar; først ein konsert med Oddbjørn Skeie og Gyda Grøndalen, og så får vi besøk av Kouame Sereba i høve morsmålsdagen. Før påske får du presentert god krimlitteratur av Bokfinkene, skulestartarane skal som alltid få vere med på Bokleik, og alle ungar kan få vere med på aktivitetar i vinterferien og på Sommarles-kampanjen.

 

Vi held på tradisjonen med sykkelmekking, og ein stor fleirkulturell vårfest med mykje god mat frå heile verda. Nytt av året er ein pøbbprat (kafédialog) der vi gjerne vil få flest mogeleg med på å diskutere kva vi vil med Vang inn i framtida.

 

Vi har mange gode samarbeidspartnarar med oss på vårens program, og fleire av arrangementa som frivilligsentralen bidreg på vil finne stad andre plassar enn i våre eigne lokalar.

 

Elisabeth Sparstad held fram med norsktime kvar onsdag, lekseklubben er ope kvar tysdag og lesesirkelen held fram med plass for både nye og gamle lesarar.

 

Velkomen til ein spanande vår på biblioteket og frivilligsentralen i Vang!