Haustutstilling 2017

Haustutstilling 2017

 

Haustutstilling på Vang folkebibliotek vil stå til over nyttår. Solveig Ane Kirkaune Øksendal er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim, og arbeider med figurativ teikning, skulptur og installasjon i eit narrativt biletspråk som balanserer mellom det vakre og det groteske. Sentrale tema er kropp, kjøn og seksualitet. Særleg kvinna som avbildingsobjekt opp gjennom tidene, både i kunsthistoria og populærkulturen, er viktige referansepunkt.
Med psykologiske undertonar, uredd bruk av symbolikk og svart humor arbeider Kirkaune Øksendal strek for strek med blyant på papir, i store format. Dei seinare åra har ho også dratt teikningane ut av rammene, som tredimensjonale skulpturar. Ved Haustutstillinga i Vang viser ho heilt nye arbeid produsert ved Nordisk Kunstnarsenter Dale i Sogn og Fjordane sommaren 2017.
Utstillinga blir ståande til midten av januar, og kan besøkast i biblioteket si opningstid. På opninga vil kunstnaren vere tilstades, og det blir servert lokalmat. Vel møtt!
Bilete:  'Still life', 2017. Pencil on paper. 55,5 x 52,5 cm