Sommarles

Sommarles

 

SOMMARLES 2016

 

Vang folkebibliotek inviterer alle mellom 6 og 15 til lesekonkurranse i skuleferien!

Les minst 5 bøker og bli med i trekninga av flotte premiar. Du kan lese sjølv, bli lesen for, eller høyre på lydbok. Skriv opp i skjemaet kva bøkene heiter og lever til biblioteket. Du kan levere så mange skjema du vil, fleire skjema aukar vinnarsjansen. Skjema må leverast biblioteket innan 26. august.

 

Hovudpremien er eit verdikort på 1000 kr sponsa av Vang Sparebank. I tillegg blir det delt ut bokpremiar.

 

Premieutdeling på biblioteket laurdag 17. september. Då får vi også besøk av Gulnara Bakke frå Det fleirspråklege bibliotek som skal formidle forteljingar om «Huldra» frå ulike land.

 

Spørsmål? Kontakt Lisbeth, barne- og ungdomsbibliotekar: 41 65 69 60