Morsmålsdagen

Morsmålsdagen

 

Vang feirar morsmålsdagen!

Eit morsmål kan vere det språket vi lærer først, det språket vi forstår best eller det språket vi identifiserer oss med. Å kunne fleire språk styrker evna til å vere kreativ og til å forstå andre sine perspektiv.

Vi feirar det språklege mangfaldet og den enkelte sin rett til å snakke sitt morsmål med fest på Vang folkebibliotek fredag 20. februar kl 12:00. Det blir mat frå fleire kantar av verda, song og andre innslag på fleire språk og til slutt ein fantastisk konsert med Kouame Sereba, kåra til ‘årets folkemusiker’ i 2009. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral, Vang introduksjonssenter og Vang mottakssenter – og det er ope for alle.

Morsmål er ikkje berre språk, morsmål er minner. Lyden av ein nattasong frå du var liten. Lukta av nybakt brød. Kjensla av mor eller far si hand i di. Velkomen til ein minnerik formiddag!