Kunstutstilling

Kunstutstilling

 

Kunstutstilling i Vang

 

MY HOME COUNTRY

Kunstgruppa ved Vang mottakssenter stiller ut nye teikningar og måleri på Vang folkebibliotek.

 

Laurdag 25.april kl.13.00 er det opning med mat og musikk.

 

I heile vinter har kunstgruppa jobba med prosjektet  «My home country». «Det er heimlandet  som har vore emnet. Nokre bilete har  politiske motiv, andre tradisjonelle, medan andre att har tatt for seg det religiøse» seier miljøarbeider Erik Nimmo ved Vang mottakssenter. «Det blir ei utstilling med store, sterke og fargerike bilete»

Alle er velkomne  til opninga laurdag.  Kunstnarane vil vere tilstades under opninga. Utstillinga heng ut sommaren

 

Bilete:  Motiv frå eritreisk pengeseddel. Merhawi Abraha