Haustprogram

Haustprogram

 

Kjære alle vener,

vi er stolte over å presentere haustens program på frivilligsentralen og biblioteket i Vang! Sjå vedlagt PDF, heng den gjerne opp på arbeidsplassen din :)

 

Programmet er som vanleg nesten litt tettare enn vi føler vi har tid til, men gode samarbeid med både frivillige lag, barnehagar og banken gjer det mogeleg å vere ambisiøse. Vi er heldige som har sterke lokale ressursar som Helge Haugen, Julie Forchhammer, Thor Østbye og Nils Thune å by på, i tillegg til å kunne invitere inn kjente namn som Vigdis Hjort og Oddgeir Bruaset. Ekstra stas er det jo at sjølvaste NRK-profil Erik Wold kjem for å leie valdebatten med våre lokale listetoppar! 

Nytt blandt dei faste aktivitetane våre er at filmkveldane i haust skal by på klassikarar - eit program for alle visningane vil bli sett opp og publikum er velkomne til å kome med forslag.


Velkomen til ein kulturell haust i Vang! :)