Haustutstillinga i Vang

Haustutstillinga i Vang

 

 

Ola Haugen – Fotografi av Nils Thune

Musikalsk innslag

 Laurdag 26. september kl. 13.00 på Vang Folkebibliotek opnas haustutstellinga med fotografi frå dokumentarprosjektet om Ola Haugen.

 Gardbrukar Ola Haugen er fødd i 1941. Han har budd heile livet på Haugen gard

i Skogbygda i Vågå. Ola overtok garden frå foreldra i 1979. Han er framleis ungkar.

Ola lever eit særs nøysamt liv. Ikkje alle vel eit liv fylt med familie, karriere og forbruk.

 Det var Våningshuset til Ola som fikk meg til å kjøre av Skogbygdsvegen i Vågå og ned til gardsplassen hans, seier fotograf Nils Thune i frå Vang i Valdres. Det var som å sjå Våningshuset på Midtre Tune, garden som far og bestefar kommer frå. Nøkkelen sto i ytterdøra. På kjøkkenet satt Ola.

 

Utstillinga står til laurdag 24. oktober