HANDLE RETT

HANDLE RETT

 

HANDLE RETT samtale om mat og meining

 

Onsdag 6. mai kl 19:30 vil Siri Helle og Vang sin eigen økobonde  Ida Øsvold samtale  på Vang folkebibliotek. Dei vil prate om mat og meining med utgangspunkt i Helle si bok Handle rett. 

 

Handle rett tek for seg maten vi møter i daglegvarebutikkane våre. Kva fortel den oss? Kva skjuler seg bak reklamen vi vert overstrødd med? Kva sit vi att med når vi nyttar stadig mindre tid og pengar på mat? Vi må ha mat. Vi kan produsere, handle og ete mat som er rett for oss, rett for jorda og for verda - eller vi kan lene oss på ein destruktiv og øydeleggjande matproduksjon. Kva må til for å velje riktig? Det kan vere lettare enn du trur - på alle moglege måtar.

 

 

Siri Helle er utdanna agronom, og jobbar som journalist og skribent i avisa Dag og Tid. Her skriv ho mykje om mat og jordbruk. Ida Østvold studerte saman med Helle på Sogn jord- og hagebruksskule, og driv no økologisk gard på Leine i Vang.