Kommunereform

Kommunereform

 

 BIBLIOTEKET  I VANG TAR DEBATTEN - KOMMUNEREFORM - ENDRING ELLER STATUR QUO ?

Diskusjonane kring kommunereform går heftigt om dagen, på onsdag tar Vang folkebibliotek i samarbeid med frivilligsentralen debatten! Vi spør kva som er Vang sine styrker og utfordringar, og korleis ein reform på best måte kan ivareta/løyse desse. Vi ønskjer også å få opp i dagen kva for føringar som ligg frå staten - kva for alternativ har vi eigentleg? vi eller kan vi slå oss saman, kva er fakta og kva er retorikk? I panelet sit Vidar Eltun - ordførar i Vang (Ap), Erlend Eggen - gründer i Vang, Ingjerd Thon Hagaseth - vararepresentant for venstre på stortinget og Per Gunnar Stensvaag, kommuneekspert. "Stensvaag har tidlegare vore fagdomar på Kvitt eller dobbelt i emnet norske kommunar og er for tida ein populær foredragshaldar på feltet. Vi er veldig glade for å få med oss ein slik ressurs utanfrå i tillegg til kompetente lokale krefter" seier biblioteksjef Åsta Brenna. Ivar Brynildsen, redaktør i Avisa Valdres er kveldens ordstyrar og lover ein temperert men nyansert debatt.