Sommarles

Sommarles

 

Marit Andrisdotter Kvam (14 år) frå Vang vann lesekonkurransen Sommarles. Banksjef Arnfinn-Helge Kvam deler her ut fyrstepremien, eit gåvekort på 1000 kr til den heldige lesaren. Marit A. Kvam har lese 45 bøker i sumar og seier det har gått  mest i fantasy.

Vang folkebibliotek inviterte alle 6-15 åringar til lesekonkurranse i skuleferien. Det vart konsumert meir enn 200 bøker, blad og lydbøker. Eit positivt tiltak som me gjerne sponsar seier Banksjefen, som sjølv er ein ivrig lesar.