Aktivitet - Vang folkebibliotek

Valdresbiblioteka stengt inntil vidare!

 
Start: 00:00 Slutt: 01:00 Sted: Vang, Vestre Slidre, Sør-Aurdal, Etnedal, Valdres vidaregåande

Biblioteka i Valdres held lokala stengt inntil vidare! Dette gjeld all planlagt aktivitet.

Vi ber om at folk førebels ikkje leverer tilbake bøker de har lånt. Det vert ikkje sendt ut purringar.


Oversikt over digitale tilbod

Universitetsforlaget har gjort alt innhald på Idunn ope tilgjengeleg til biblioteka opnar igjen. På Idunn finn du over 36 000 artiklar og kapittel, over 70 tidsskrift og ein rekkje vitskaplege bøker. Dette er eit fantastisk tilbod no som mange arbeider heimanfrå, og dei fleste sit utan tilgang på viktig faglitteratur og pensumartiklar.

Litteraturhuset kjem heim i stua di. Samtalar med utvalte forfattarar, spesialskrive føredrag, lesestundar for barn, diktlesing og andre kulturopplevingar vert filma heimanfrå og delt ope på nett.

Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket får du gratis tilgang til digitaliserte tidsskrift, aviser, manuskript, kart og ikkje minst bøker.

Det er mogleg å låne digitale bøker og lydbøker i BookBites appen. BookBites er ein lese- og utlånsapp for nettbrett og mobile einheitar som gir tilgang til e-bøker og lydbøker gjennom ditt bibliotek. For å kome i gang treng du epost-adresse og lånekort.
Slik gjer du:
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les


Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmeteneste Filmbib.

Gjennom Innlandet fylkesbibliotek får du gratis tilgang til musikk via Naxos Music Library. Her finn du over 1.500.000 lydspor med hovudsakleg klassisk musikk, men også jazz, verdsmusikk, pop, rock og blues. Du logger deg in med ditt nasjonale lånenummer.


Dersom du har lesevanskar, kan du bli medlem hjå NLB. Du kan då  lytte til lydbøker gjennom appen Lydhør eller få tilsendt lydbøker i posten.
Årsaker til nedsatt leseevne kan vera:
- Svekka syn som ikkje let seg korrigere med briller
- Dysleksi og andre lesevanskar
- ADHD
- Fysisk funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å lesa ei bok (for eksempel CP, ME og Parkinson)
- Kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade.

Helsebiblioteket gir tilgang til ny forskning innan helse, oppsummert forsking, nasjonale retningslinjar, rettleining, råd og prosedyrar utarbeida av anerkjente fagmiljø.

Meieriet bibliotek og Nordland fylkesbibliotek har utvikla Karanteket, ei samleside over digitale bibliotektenestar med oversikt over digitale arrangement.

 

Nasjonalbiblioteket og Bibliotek-Systemer As lanserer digitalt nasjonalt lånekort. 

Dette er eit fullverdig nasjonalt lånekort som lånarar utan nasjonalt lånekort frå før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no

Ta kontakt med ditt lokale bibliotek. Vi hjelper deg gjerne med å kome i gang med dei digitale tilboda eller viss du lurer på noko anna.

For kontaktinformasjon sjå på heimesida til ditt bibliotek (øvst på denne sida).