Aktivitet - Vang folkebibliotek

SOMMARLES 2019

 
Start: 12:00 Slutt: 14:00 Sted: Vang folkebibliotek

Sommarles vara frå 1. juni til 31. august. Mange born blei stimulert til meir leselyst gjennom årets lesekampanje og deltaking i Vang har vore stor.

Difor feirar vi Sommarles-avslutning på Vang folkebibliotek laurdag 14. september frå kl. 12.00. Kl. 12.30 kjem tryllekunstnar Alexander Haugaas frå Tryllefabrikken. Ved å blande humor, magi og musikk skaper Alexander den rette stemninga for barn i alle alder og heile familien er velkomen.

Etter trylleshowet kunngjør vi vinnaren av Sommarles hovudpremien - eit gåvekort på 1000,- sponsa av Valdres Sparebank. Det blir også utdeling av andre premien - eit gåvekort frå Norli Fagernes på 300,-. Tredje premien er ein spennande bok utvalt av Vang folkebibliotek. Vinnarane blir trekt tilfeldig blant alle deltakerane.

 

Vi håpar at mange tek turen til biblioteket!