Aktivitet - Vang folkebibliotek

Sagaøya Island

 
Start: 19:00 Sted: Vang folkebibliotek

Sagaøya Island

Tysdag 28. mai kl 19 inviterer Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek til Islandskveld på biblioteket. Oddvin Almenning fortel og viser bilete frå fototuren han hadde på Island hausten 2018, og Carl Philip Weisser formidlar innspel frå barske sagahelter og spenstige salmediktarar i ord og tonar. Natur, historie og skrivekunst utfyller kvarandre når gamle «kjendisar» som Egil Skallagrimsson og Gunnar frå Lidarende kjem til orde.

- Vi ønskjer vel møtt til ein kveld med vakre og fornøyelege glimt frå sagaøya i vest! melder Oddvin og Carl Philip. Dei ser fram til å dele gode opplevingar og håper mange finn vegen til biblioteket denne kvelden. Arrangementet er gratis og ope for alle, og vi serverer kaffi og kringle.