Aktivitet - Vang folkebibliotek

Morsmålsfeiring i Vang

 
Start: 12:00 Slutt: 15:00 Sted: Vang folkebibliotek

Fredag 21. februar kl 12.00 feirer vi den internasjonale morsmålsdagen på Vang folkebibliotek. Det blir dikt og historier på ulike språk, og konsert med Kouame Sereba.

Dette har vorte ein fin tradisjon i Vang, og feiringa er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, biblioteket, mottakssenteret og læringssenteret. Dagen er eit flott høve til å setje fokus på alle dei ulike språkgruppene som er representert i Vang, og vi set stor pris på dei mange som vil dele av sin kultur og bidra til å vise fram det rike mangfaldet vi har i den vesle bygda vår.

Årets artist, Kouame Sereba, gjesta oss også i 2015. Multi-instrumentalisten er født i Elfenbeinkysten, og har budd i Norge i over 20 år. Her har han mellom anna vunne prisen som årets folkemusiker i 2009. Musikken hans spenner mellom jazz, folk, moderne og tradisjonell afrikansk musikk. Han reiser no jorda rundt med sin filosofi “Power of Playfulness”.