"Kva er ei bok"

"Kva er ei bok"

 

KVA ER EI BOK?

 

Då biblioteksjef Brenna i Vang folkebibliotek arva alle bøkene til to nedlagde filialar og to skulebibliotek, så ho seg naudsynt til å kvitte seg med delar av 'arvesølvet'. For kva skal ein med eit bibliotek om det ikkje er plass til folk?

Det starta eit kjensleras i lokalbefolkninga, for ein kastar ikkje bøker!

Så kva gjer ein, for å løysa opp i førestillinga om boka som urørleg til evig tid, og biblioteket som heim og gravplass for alle saman? Jo, ein inviterer sjølvsame befolkning og spør: Kva er ei bok?

 

I heile april månad rettar folkebiblioteket i Vang søkelyset på dette og andre spørsmål knytt til bokas eksistens, med startpunkt barneboka. I eit rom spesielt utstyrt for anledninga finst ein haug 'rare' bøker i fysisk og elektronisk form som egner seg for refleksjon kring tema. Det vert og mogleg å laga si eige bok i lag med Arne og Carlos, – eller om du heller berre vil sjå, kan du det og. Vandreutstillinga 'Kunsten å vere bok' står heile perioden og presenterer eit knippe bøker som ikkje lar seg flyttast til digitale plattformar. Det vert og nokre einskilde hendingar spesielt retta mot skulen. I samarbeid med Samlaget arrangerast eit miniseminar for barneskulelærarar, og elevane får reflektere rundt boka som medium saman med forfattar Linn Sunne som skriv både for bok og app.

 

Og så: Laurdag den 4. juni vert bokomgrepet utvida med felles opning av fire lokale kunstprosjekt der kasserte bøker får nytt liv under fellesparolen Er det framleis ei bok?

Dagen byrjar i biblioteket: Erik Nimmo og kunstgruppa på asylmottaket har skapt biletkunst av gamle granitolinnbundne bøker. Om du ikkje veit kva granitolinnbundne bøker er, er dette ei fin anledning til horisontutviding. I biblioteket vil det og bli musikkinnslag og servering av mat og drikke frå heile verda, før det ber av stad i bil eller buss til det nedlagde fjøset hos Marianne Isachsen som ho i samarbeid med Vang barne- og ungdomsskules sjette trinn (og etterkvart og resten av bygda), har 'ominnreia' med kasserte bøker. Her møter vi ein person som leikar med alle orda før bussen plukkar oss opp att og i sakte fart rullar forbi det gamle Samvirkelaget der Jan Olav Hemsing viser videoverket ’ord til eld’ i vindauga. Siste stopp for dagen er garden til Tron Kittelsen der vi til passande tonar får oppleve hans ’Utendørs boksamling’ som får stå til naturen kjem og tek alt attende.

 

Og alt dette altså, grunna kjensleraset som oppstod da biblioteksjef Brenna opplevde akutt plassmangel og så seg tvungen til å skjære ned på bokstammen på Vang folkebibliotek. Så aldri så gale, – og velkommen i april!