Aktivitet - Vang folkebibliotek

Klima i endring - kva gjer vi med det ?

 
Start: 19:00 Sted: Vang folkebibliotek

Temakveld: Klima i endring - kva gjer vi med det?

 

Onsdag 20. mars kl. 19 vert det temakveld om klima på Vang Folkebibliotek. På programmet står innleiarar frå miljøstiftelsen ZERO, Gjensidige og Hamar kommune, og ei panelsamtale med ordførarkandidatar og listetoppar i Vang kommune.

Korleis kan bra klimaleiing i både kommune, næringsliv og hjå private gjere regionen betre rusta til å takle utfordringane som klimaendringane gir oss? Dette er spørsmålet som vert reist under temakvelden. Initiativtakarar er Vinjerock og Vang Frivilligsentral.

Festivalsjef i Vinjerock, Julie Forchhammer, brenn for eit grønt skifte både i eiga bransje og i nærmiljøet. Ho meiner klimaendringane allereie er synlege i regionen:  - I 2015 måka me snø på Eidsbugarden for å rigge festivalen, medan me i 2018 opplevde rekordvarme med høg lyngbrannfare, seier Julie, og ser fram til ein inspirerande kveld der lokale klimatiltak kjem i fokus.

 

Berekraftsdirektør, ordførar og miljørådgjevar på talelista.

Kvelden startar med tre innleiarar, som alle har god erfaring med klimaspørsmål i sitt daglege arbeid:

Berekraftsdirektør i Gjensidige, Bente Sverdrup, sparkar i gang temakvelden. Klima og miljøkonsekvensane har allereie innverknad på oss og forsikringsbransjen med større skader frå storm, flaum, skred og tørke. Bente vil prate om korleis vi planlegg å møte desse nye utfordringane på best mogleg vis.

Rådgjevar i Miljøstiftelsen ZERO, Jenny Skagestad, vil med utgangspunkt i ZERO si sjekkliste for kommunale klimatiltak prate om korleis ein kan setje klimaarbeid i system i norske kommunar. - Sjekklista inneheld ei eiga liste med konkrete tiltak som bør vere aktuelle fram mot neste kommuneval, seier Skagestad.

I Hamar kommune er dei godt i gang med å tenkje heilskapleg klimaplanlegging i den daglege drifta. Dei har mellom anna sett seg som mål at alle kommunale køyretøy skal vere elektriske

innan 2021, og dei har utarbeida klimaregnskap og klimabudsjett. Ordførar i Hamar kommune, Einar Busterud, rundar av innleiingane med å fortelje om korleis Hamar jobbar med klimatiltaka.

 

Panelsamtale med ordførarkandidatane.

Etter ei pause med kaffi og kringle, stiller haustens ordførarkandidatar/listetoppar til panelsamtale om temaet: Vidar Eltun (AP), Torstein Lerhol (SP), Erlend Eggen (MDG) og Leif Solemsli (Bygdelista). Samtala vert moderert av Gro Lundby. MDG og bygdelista presiserer at deira lister ikkje er nominert i skrivande stund, men Eggen og Solemsli stiller i alle fall høgt på listene.

- Me er spent på å høyre kva moglegheiter dei ser i kommunen og regionen vår, og gler oss til ein inspirerande og konstruktiv kveld. Velkomne skal de vere, alle saman! rundar festivalsjef Julie

Forchhammer av.

 

 

Faktaboks:

- Vang folkebibliotek 20. mars kl. 19:00

- Gratis inngang, kaffi og kringle

- Arrangert av: Vinjerock, Gjensidige Valdres og Vang Frivilligsentral

 

- Innleiarar:

Bente Sverdrup, berekraftdirektør Gjensidige

Jenny Skagestad, rådgjevar i miljøstiftelsen ZERO

Einar Busterud, ordførar i Hamar kommune.

 

- Panelsamtale:

Vidar Eltun (AP),

Torstein Lerhol (SP)

Erlend Eggen (MDG)

Leif Solemsli (Bygdelista)

Ordstyrar: Gro Lundby