Aktivitet - Vang folkebibliotek

Dingle som en kringle

Start: 14:00 Slutt: 23:50 Sted: Nettarrangement: Vang folkebibliotek, skulebiblioteket

Vang folkebibliotek og skulebiblioteket tilbyr alternativt forfattarbesøk!

I disse tider er det diverre ikkje høve for fysiske forfattarbesøk. Difor har dansepedagogen og forfattaren Karin Moe Hennie heve seg rundt og laga eit alternativt opplegg som no er tilgjengeleg for barna i Vang:

«Dere skal bli med på en reise. Men vi skal ikke ut å fly. Dere skal bli med på en reise gjennom kroppen, fra bunnen og hele veien opp til toppen.»

I Hennie sine framsyningar vert barna aktivert. Det er ikkje berre ei stund der dei sit på rumpa og ser på. «Dingle som en kringle» handlar om kroppen og alt det rare den kan gjere. Og kroppen skal barna få bruke!

Framsyninga er basert på boka «Dingle som en kringle» som kan lånast på biblioteket. Her finn du også fleire av Karin sine barnebøker, viss du ikkje kan få nok av henne.

For å få tilgang til videoen må du skrive inn passord «Dans» (hugs stor D).

Videoen vil vere tilgjengeleg ut mai, og kan sjåast kor ofte ein vil. Treng du hjelp å kome i gang? Kontakt oss på biblioteket@vang.kommune.no, telefon 613 69 426 eller mobil 952 40 748.

Lenkje til videoen: https://vimeo.com/410930111

Foto: Karin Moe Hennie