KASSASJON

KASSASJON

 

 

 

 

 Frå kassasjon til kunstoppleving

Laurdag 4. juni kan du ta del i ei særegen kunstoppleving i Vang, som kom i stand etter eit aldri så lite «bok-opprør».  

 

 

Heile fire ulike kunstprosjekt opnar denne dagen, alle med basis i bøker.

 

– Alt saman er inspirert av det kjensleraset som oppstod då eg såg meg tvungen til å kaste dei bøkene det ikkje lenger var plass til i biblioteket, fortel Åsta Brenna, biblioteksjef i Vang.

 

Kva er vel eit bibliotek utan bøker? Hyllemeter på hyllemeter med store og små permar, tettskrivne sider bada i ord. Men sjølv eit bibliotek kan få for mange bøker og for lite plass, nær som ein «gravplass» for det skrivne ord.

 

Då Brenna ville kaste utdaterte bøker ut frå lageret, kom det  sterke reaksjonar. For ein kastar jo ikkje bøker på eit bibliotek! Med denne opplevinga i bakhovudet byrja arbeidet med det som skulle bli utstillinga «Kva er ei bok?».

 

Kva er det med boka?

Kva funksjon har eigentleg boka? Kvifor lokkar ho fram ei så sterk kjensle hjå folk, sjølv dei som kanskje ikkje kvalifiserer til tittelen «lesehest»?

 

I april har biblioteket fokusert på nett dette temaet, med utgangspunkt i barneboka. Med ei samling bøker som ikkje kan digitaliserast som følgje av unik form, har besøkande kunne sjå på, ta på og reflektere over bøker og deira funksjon.

 

Men 4. juni blir det heile løfta til eit atskilleg meir kontinentalt plan. Då kan du vere med på ein skikkeleg kunstferd gjennom Vang, når fire lokale kunstprosjekt opnar for publikum. Bak står kunstutvalet i Vang. Den raude tråden er kasserte bøker, som  får nytt liv under parolen Er det framleis ei bok?  

 

Slampoesi i fjøset

Dagen byrjar i biblioteket, der Berek i  kunstgruppa ved Vang Mottakssenter i lag med Erik Nimmo presenterer ein installasjon av gamle granitol-innbundne bøker (om du ikkje veit kva granitol er, kan du lære noko nytt). Så går turen vidare til Marianne Isachsen sitt nedlagde fjøs, som ho i lag med sjetteklassingar frå Vang barne- og ungdomsskule har ominnreia med kasserte bøker.  

 

I fjøset kan du òg høyre forfattar og ordsmed Fredrik Høyer framføre bestillingsverket «Kva er ei bok?». Høyer er mest kjend for å opptre med spoken word og slam-poesi, der han blandar rap og sceniske virkemidlar inn i tekstene sine, med eit heilt særeige resultat.  Det vil gå buss mellom dei ulike utstillingane og Høyer vil også vere konferansier undervegs. 

 

Ferda går vidare austover, ved det gamle samvirkelaget på Neset viser Jan Olav Hemsing videoverket «Ord til eld». Turens siste stopp er gardstunet til Tron Kittelsen, der publikum får sjå (og reflektere rundt) installasjonen «Bokbeite», som får stå til naturen kjem og tek alt attende.

 

La ikkje denne sjansa til å oppleve unik kunst og ulike uttrykksformer gå frå deg!

 

 

PROGRAM LAURDAG 4. JUNI:


15.00:
Opning av kunstprosjekt laga av kunstgruppa ved Vang Mottakssenter på biblioteket i Vang. Trubadur Halfdan Gimle speler. Servering.

15.45:
Buss frå biblioteket til garden Haugen (Ellingbøvegen 10).

16.00:
Opning av bokprosjekt i det nedlagde fjøset til Marianne Isachsen, som ho i samarbeid med  6.kl på Vang barne- og ungdomsskule har «ominnreia» med kasserte bøker.

Fredrik Høyer framfører sitt bestillingsverk «Kva er ei bok ?»

17.30:
Bussen går frå Haugen mot Høresbygden. Bussen køyrer sakte forbi det gamle Samvirkelaget på Neset, der Jan Olav Hemsing syner videoverket «Ord til eld» i vindauga.

18.00:
Siste stopp for dagen er garden til Tron Kittelsen med opning av «Bokbeite». Musikalsk innslag ved Ole Kristian Nyhagen.

19.00:
Buss attende til biblioteket i Vang.