Vang folkebibliotek

Gå til
Vang kommune

Vang folkebibliotek ope

Biblioteket er no ope for utlån og fjernlån. Det er komen mange nye bøker som ventar på å bli lånt! For å sleppe inn må ein ringe på dørklokka. Berre vaksne får kome inn, og det er avgrensa til fem personar om gongen.

Utover dette er det oppretta fire lesesalplassar, der ein også kan få låne datamaskin. Her må ein tinge plass på førehand.

Alle må halde seg til generelle smittevernreglar, og ikkje kome om ein er sjuk eller i karantene.

Opningstidene er som vanleg:
Måndag   kl. 15 - 19
Tysdag    kl. 15 - 19
Onsdag   kl. 10 - 16
Fredag    kl. 12 - 16
Laurdag  kl. 11 – 16

For å bestille bøker, tinge lesesalplass og viss du lurer på noko, ta kontakt med biblioteket.

Vang frivilligsentral held lokala fortsatt stengt. Bokhyllene på Joker Ryfoss og Filefjell er også stengte.

Situasjonen kan framleis endre seg. Følg med på facebooksida eller heimesida vår for oppdateringar!

 

SOMMARLES 2020 – den kulaste lesekampanjen

No brakar det laus med Sommarles! Frå 1. juni til 31. august kan alle elevar i 1. til 7. trinn delta på den kulaste lesekampanjen, og i år får også skulestartarane med foreldre vere med.

Sommarles er i utgangspunktet nettbasert, men det er mogleg å få lesekort på biblioteket og delta analogt. På nettsida www.sommarles.no kan barna lage ein brukar, registrere bøkene dei les og få poeng. Der får dei også lesetips og tilgang til den spesialskrivne forteljinga «Astrid og Asbjørn på djupt vatn» av forfattar Mari Moen Holsve.

Målet med Sommarles er at barna skal lese så mykje som mogleg i sommarferien. Barna blir premierte for innsatsen sin med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som kan hentast på Vang folkebibliotek. Steiner, haitenner og ammonittar er blant premiane i år som kjem rett frå havet. Dei gamle favorittane, buff og silikonarmband, er også å finne i premieeska vår. Henting av premiar må i år avtalast med biblioteket på førehand.

Sommarles er for alle -  superlesarar, middels gode lesarar og dei som er i ferd med å lære seg å lese. Dei som treng hjelp treng ikkje lese sjølve, dei kan høyre på lydbøker eller lesast høgt for.

Har du spørsmål eller vil du hente premiar - kontakt biblioteket.

 

HENTEBIBLIOTEK HELD FRAM
Dei som ikkje ynskjer å kome inn kan framleis bestille bøker til hentebiblioteket. Henting utanfor biblioteket mellom kl. 14 – 16, alle dagar vi har ope.


DIGITALE TILBOD

Valdresbiblioteka si felles hovudside finn du informasjon kring digitale bibliotektilbod som BookBites, FilmBib og Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Her får du også informasjon om digitale aktivitetar og arrangement.

Vi minner om at biblioteket abonnerer på Lesekroken.
Her finn du barnesongar, forteljingar på mange språk, karaoke og diverse andre aktivitetar som fargelegging og puslespel. Våre lånarar kan bruke publikumspassordet til Vang folkebibliotek ved innlogging: VangLesekrok

Lånarar som er tilknytt Vang folkebibliotek kan også enkelt låne film på Filmoteket heilt gratis. For å kome i gang må du opprette profil med e-post adresse og passord, nasjonalt lånenummer og pinkode.

 

KONTAKT
Ikkje nøl med å ta kontakt viss du lurer på noko, vil bestille bøker eller treng hjelp til å kome i gang med digitale tilbod. Du når oss via facebook, på e-post biblioteket@vang.kommune.no
, via telefon 613 69 426 / 27.

 

NYTTIGE LENKJAR

Søk i bibilotekets katalog 

Vang folkebibliotek på facebook 

 

EPOSTLISTE

Ønskjer du å få informasjon frå Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek på e-post? Då må du melde deg på epostlista vår her.