Boktips

Hamnet

Jannehamnet
ForfattarMaggie O’Farrell
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

William Shakespeare (1564-1616) er ein myteomspunnen mann. I denne romanen tek Maggie O'Farrell utgangspunkt i noko av det vi veit om Shakespeare sitt liv og diktar vidare på det.

Romanen fortel frå to ulike tidsperiodar som gradvis blir ført saman mot Hamnet sin sjukdom og død. Etterpå følgjer vi familien og den overveldande sorga som pregar dei alle. Det heile startar med at tvillingsøstera til Hamnet er smitta av byllepest, samtidig som vi følgjer tida der Shakespeare møter kona si, Agnes, og deira veg vidare.

Historia gjev ikkje noko spesielt innblikk i Shakespeares skodespel og diktarliv. Dei andre karakterane er meir framtredande, spesielt kona hans. Eg trur nesten ikkje namnet Shakespeare er nemnd i det heile i romanen. Handlinga går føre seg på slutten av 1500-talet, og vi følgjer familien gjennom kvardagsliv, kjærleik, vanskelege relasjonar og ikkje minst sorg.

Vi blir godt kjende med dei fleste karakterane. Viss du som les ikkje likar at alt blir avslørt, er kanskje ikkje boka noko for deg. Vi får til og med vite kva som kunne ha skjedd om det vart handla annleis. Vi får synleggjort dei tilfeldigheitene som fører til at det går som det går.

For meg var dette ei gripande historie med eit godt språk. Romanen gjorde meg endå meir nysgjerrig på Shakespeare og tekstane hans. Eg kjende på mange kjensler undervegs, og for meg var det fint å få innblikk i kvifor karakterane handla som dei gjorde. Eg likar så godt historia som blir fortald og innblikket i kvardagslivet frå den tida. Likevel blir det skrive om tema som er lett å kjenne att i dag.

Boka kom på norsk i 2021, men eg har ikkje lese ho før no. Den har 400 sider, men er lettlesen med ei god historie. Inneheld òg eit opplysande etterord av forfattaren.

Fleire boktips