BOKOMTALE

Ylva og villgeitene

 
Forfatter/utgiver: Hilde Myklebust
Omtalt av: Marit

Hilde Myklebust: Ylva og villgeitene

Biletbok, for barn ca 3-9 år

Illustrert av Akin Duzakin

 Ylva er med far sin på veg til sommarhuset ute ved havet. I mjuke, store og intense biletoppslag får me følgje dei to i møte med naturen her ute. Vilja har eit eige lag med dyra, og eit mot som far hennar gjev henne rom til å utfalde. Ylva oppdagar etterkvart ei villgeit  med to små kje i kamp med ei ørn. Ylva gjer alt for å redde dei tre, og kjem sjølv i fare. Men den respektfulle framferda ho syner i forhold til dyra blir gjengjeldt, og alt endar som det skal, på naturen sine premiss. Historia blir fortalt med korte, lettlesne setningar i eit flytande og godt språk som harmonerer godt med Duzakin sine bilete.  

Les flere bokomtaler