BOKOMTALE

Vegetarianeren av Han Kang

 
Forfatter/utgiver: Han Kang
Omtalt av: Marit

Boktipset denne veka er "Vegetarianeren" av Han Kang frå Sør Korea. Tittelen og omslaget (ei kvinne som har blitt til eit tre) gjer meg nysgjerrig, ein link til eit tema som er svært aktuelt no om dagen. Etter endt lesing sit eg likevel att med fleire spørsmål enn svar, men har fått ei gåtefull, mørk og fortetta historie å tenkje på. Hovudpersonen Yeong-hye si historie blir fortalt av ektemannen, svogeren og systera. Og, som Marta Norheim i NRK bok skriv: "Handlinga er enkel å attfortelje: Ei ung, ganske anonym kvinne har ein ekkel, ja, avskyeleg draum om kjøt og blod. Dagen etter er ho blitt vegetarianar på sin hals. Familien er i opprør, og faren gjer eit mislykka forsøk på tvangsforing. Eg overdriv ikkje når eg hevdar at herifrå skrur det seg kraftig til."

Han Kang var gjest på Litteraturfestivalen på Lillehammer i veka som var, og boka hennar vann den internasjonale Man Booker-prisen i 2016.

Les flere bokomtaler