Boktips

Tre vegar til havet

9788252198492_framside_r.jpg
ForfattarBrit Bildøen
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

God bok av Brit Bildøen om fortviling, galskap og forsoning.

I "Tre vegar til havet" møter me ei middelaldrande kvinne som må gje opp ønsket om å adoptere eit barn. Istaden vender ho seg etterkvart til naturen, akkurat som hovudpersonen i "Begynnelser" av Carl Frode Tiller.

Korleis leve vidare med alle dei tunge erfaringane som livet gjev ein? Er det i det heile mogleg?

Bildøen gjev eit litt anna svar enn Tiller her. Boka er fint bygd opp med tre tidsepoker frå kvinna sitt liv som gradvis flettar seg i kvarandre. Ei sterk historie om makt og avmakt i eit språk som likevel er lett, og flyt fint av garde med deg når du les. Anbefalast!

Fleire boktips