Boktips

Tommel Titter

tommeltitter.png
ForfattarHenrik Drescher
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Biletbok for barn ca 6-11 år.

Underfundig, men ganske tydeleg forteljing om eit samfunn der alle brukar tida si på å stirre på tommelfingrane sine, nærare bestemt ein innretning som kallast Tommel Titter. Ikkje overraskande kan Tommel Titter brukast til nær sagt alt, og fører til eit nokså einsretta og usosialt liv der lite skjer i den fysiske verda. Dette er illustrert ved ein avdempa palett, med få fargar i bruk, hovudsakleg grønt og grått. Men plutseleg dukkar det opp ein raud mann i biletet. Det er tydeleg at han er frå ei anna, eller tidlegare verd, for han er ikkje av «tommeltittarane». Den framande gjev ei gåve til guten med bollekinn som er den første som oppdagar han, og og etterlet seg etter kvart eit vell av fargar i byen medan han sjølv reiser vidare.  «Og hvordan gikk det med Tommel Titter? Folk var ikke så opptatt av dem lenger. Heretter ble de for det meste brukt til å arrangere bursdager og til å bestille pizza.»

Fleire boktips