BOKOMTALE

Lillebror er ny som månen

 
Forfatter/utgiver: Åse Ombustvedt
Omtalt av: Marit

"Lillebror er ny som månen" er ei biletbok om det å få eit nytt søsken. Språket er poetisk og naturen blir trekt inn som filosofisk ramme for temaet. Biletoppslaga er store og går hand i hand med teksten på ein måte som gjev tankane til storesøster rom og styrke.  Samstundes gjev skiftingane i naturen eit større, svimlande perspektiv der ho sit oppe i treet. Boka passar for barn ca 3-7 år. Tekst: Åse Ombustvedt, illustrasjonar: Jens Kristensen.

Les flere bokomtaler