Boktips

Jeg lever et liv som ligner deres

jegleveretlivsomlignerderes_productimage.jpg
ForfattarJan Grue
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriFaglitteratur for vaksne

God leseoppleving ventar!

Denne boka gjev deg ei sterk og sår innsikt i korleis det er å leva livet med ein diagnose som gjer at kvardagen må planleggast i detalj, bokstaveleg tala for kvart minste steg. Om korleis møtet med hjelpeapparatet sitt kliniske og byråkratiske språk kjennest, om sorg over kroppen som ikkje fungerar, men òg om gleda over å lukkast etter motgang og hardt arbeid. Djupt personleg, men også almenngyldig om kva det er å vera menneske. Forfattaren har ein medfødt muskelsjukdom, er rullestolbrukar og familiefar, har høg utdanning og arbeid ved universitetet. Korleis kom han hit?

Fleire boktips