Boktips

Arr

arr.jpg
ForfattarAudur Ava Ólafsdóttir
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

For deg som likar blandinga av tragedie og komedie. Som har sans for bøker som "En mann ved navn Ove", eller Arto Paasilinna sine utgjevingar. 

Boka er lett å lesa og lett å like, og blir du hekta finns det fleire tidlegare utgjevingar av denne forfattaren på biblioteket. Audur fekk Nordisk råds litteraturpris for denne boka i fjor, og ny roman frå henne kjem på norsk allereie til hausten.

NRKs Marta Norheim skriv slik om innhaldet i boka:
"Jonas (49) er skilt, heterofil, utan makt og utan sexliv, men nevenyttig, det er han. Derfor tek han med seg drillen og heile verktøykassa når han oppsøkjer ei krigssone for å ta livet av seg der: Om han vel henging, skal det i alle fall ikkje stå på at det manglar ein solid krok i taket.

Det han har tenkt mindre på, er korleis det ser ut å kome med verktøy som einaste bagasje til ei krigssone og insistere på at han er på ferie. Slikt må det bli forviklingar av, og det blir det. Om det også blir sjølvmord, eller endå til mord, skal ikkje røpast her, for det unner eg potensielle lesarar å få lov til å lure på mens dei blar seg gjennom denne romanen, der ein aldri veit kva som ventar Jonas og oss på neste side. Her er mange vriar." https://www.nrk.no/…/a-byggje-opp-krigssoner-med-gaffateip-…

Fleire boktips